VOSS IL Tennis


Friidrettsstemne 22.05
 Infoskriv om stemnet det 22.05 finn du her

SPONSORAR


AKTUELT
Friidrettsstemne onsdag 9.05
O-løp 2 i Bømoen onsdag 16. mai
Terrengløp 18.04
Friidrettstrening
Årsmøte i hovudlaget 22.03, kl.20
Open dag i Idrettshallen 11.03
Årsmøte i turngruppa
Ledige plassar på turn 2018
Basistrening
Vossameisterskapen i friidrett 7.juni
Resultat friidrett 22.05
Friidrettstemne måndag 22.05
Vossameisterskapen i terrengløp 3.05
Bestilla overtrekksdrakt
Idrett for alle, 15-19år
Betaling av medlemskontingent
Brikke og O-drakt?

Voss IL på facebook  

Tennisbanen er open!

Endeleg er banane klar til bruk. Det er lagt på ny sand og enno trengs det litt ekstra rulling for å få banedekket fast. Det beste er om banane no vert mykje brukt i finværet, og kosta, rulla og vatna etter bruk. Hugs å bruka sko med flat sole.

Slik gjer du det:
- Kosta heile banen, også ytterkantane, ved å dra kosten etter deg.
- Rulla banen når du har tid.
- Vatna godt med spreidd stråle. Mykje dersom det er tørt. Mindre dersom det   har regna.
- Lat kost, rulle og vatnslange stå ute etter bruk.
02.05.2016
 

DUGNAD PÅ TENNISBANEN
DET ER VÅR I LUFTA OG TENNISGUPPA YNSKJER GAMLE OG 
NYE MEDLEMER VELKOMNE TIL NY TENNISSESONG.

Det vert dugnadar på tennisbanen:

TIRSDAG 12. og TORSDAG 14. APRIL, kl.17.30

Med godt frammøte skal banane vera klare til bruk 1.mai.
 



Årsmøte i Tennisgruppa
Alle medlemer i Tennisgruppa er VELKOMNE TIL ÅRSMØTET,
TIRSDAG 1. MARS kl.19 i IDROTTSHUSET

Årsmøte i Voss IL
Hovudlaget held sitt årsmøte onsdag 30.mars kl.19.30
på Fleischers Hotel.
Alle medlemer er velkomne! 


HAUST TILBOD 2015

Etter skulestart betalar nye medlemer kun treningsavgift, dvs.150 kroner.

For kr.150 får du nøkkel til tennisbanen og du kan spela så mykje du vil fram til sesongslutt i slutten av oktober.

Kontakt Tennisgruppa på e-post: 
B. Tveit tlf. 909 27 512 


Ynskjer du å spela tennis i sommar?

Dei to grusbanane i Prestegardsmoen er no i god stand.
Som medlem i Tennisgruppa i Voss IL, får du nøkkel til banane
og kan spela når du vil.

Det kostar kr.450 for vaksne og kr.350 for born/unge under 17 år.
Er ein allereie medlem i ei anna gruppe i Voss IL, betalar ein kr.150. Gjeld både born og vaksne.

Per Bergsland: mob. 982 11 794
Beate B. Tveit: mob. 909 27 512 


DUGNAD PÅ TENNISBANEN

Lyst å spela tennis?
Ein ny sesong står for døra, og Tennisgruppa i Voss IL ynskjer nye og gamle medlemer velkomne!
Mandag 20. og onsdag 22. april, kl.18-20.30 vert det DUGNAD på tennisbanane i Prestegardsmoen.

Ta gjerne med rive og reiskap til luking av ugras.
Med godt frammøte skal banane vera speleklare omlag 1.mai.
Alle som skal spela tennis forpliktar seg til 4 dugnadstimar.

17.04.2015


Årsmøte i Voss IL

Hovudlaget held sitt årsmøte tirsdag 14.april kl.19.30 på Fleischers Hotel.
Alle medlemer er velkomne!


VELKOMEN TIL NY TENNISSESONG!!

Tennisgruppa er ei av fleire undergrupper i Voss IL. Det er omlag 70 aktive, som nyttar seg av dei to tennisbanane i Prestegardsmoen.

Med god dugnadsinnsats frå medlemer har me speleklare banar tidleg i mai. Er været med oss kan sesongen vara ut oktober, dvs. halve året.

Alle som har betalt medlemskap og treningsavgift får nøkkel til tennisanlegget, og har fri tilgang til banane gjennom heile sesongen.

Medlemskap Voss IL 2014: kr.300 for vaksne, kr.200 for born
Treningsavgift Tennisgruppa 2014: kr.150 for alle > 6 år
NYE MEDLEMER ER VELDIG VELKOMNE!

20.06.2014 


Speleavgift 2014 

Nytt av året er at Tennisgruppa sende faktura for treningsavgift i Min idrett. Desverre er det mange som ikkje har betalt treningsavgifta, så i desse dagar vert det sendt purring til dei på e-post. 

Logg inn på Min Idrett https://minidrett.nif.no/ og sjå din faktura i handlekorga. Dersom du ikkje vil bruke online-betaling via Buypass, så ta ut kopi av fakturaen og betal via nettbank/bank. Hugs i såfall å oppgje KID nr. 

20.06.2014


KlubbAdmin - nytt medlemsregister

13.04.2014
Voss IL har teke i bruk KlubbAdmin og treng di hjelp for å oppdatere informasjonen om deg og eventuelt barna dine. 

Dersom vi har registrert e-postadressa di, har du fått tilgang til Min idrett og kan der leggje inn eller justere opplysningar på "min profil". Har du ikkje tilgang til Min idrett, må du kontakt medlemsansvarleg i gruppa di for å formidle opplysningar som e-post, mobilnummer, korrekt skrivemåte av namn og fødselsdata. Meir informasjon finn du ved å gå tilbake til hovudlaget Voss IL si heimeside.


Årsmøte i Tennisgruppa 

26.02.2014
Alle medlemer i Tennisgruppa er VELKOMNE TIL ÅRSMØTET,
TORSDAG 6.MARS kl.19 på TRE BRØR 


Tennisbanen er open!

02.05.2016
Endeleg er banane klar til bruk. Det er lagt på ny sand og enno trengs det litt ekstra rulling for å få banedekket fast. Det beste er om banane no vert mykje brukt i finværet, og kosta, rulla og vatna etter bruk. Hugs å bruka sko med flat sole.

Slik gjer du det:
- Kosta heile banen, også ytterkantane, ved å dra kosten etter deg.
- Rulla banen når du har tid.
- Vatna godt med spreidd stråle. Mykje dersom det er tørt. Mindre dersom det   har regna.
- Lat kost, rulle og vatnslange stå ute etter bruk.


Klar for tennis?

Me er seint ute i år, men no skal tennisbanane gjerast i stand!  
Ein hard vinter med langvarig tele og seinare problem med leveranse av sand, gjer at me ligg langt etter skjema.
Så no mo må alle tennisinteresserte trå til!

Kom på DUGNAD tirsdag 4. og torsdag 6.juni, kl.18-20.30 

Ta gjerne med rive og reiskap til luking av ugras.
Me ynskjer nye og gamle medlemer velkomne!

Med godt frammøte skal banane vera speleklare omlag 11.juni

Alle som skal spela tennis forpliktar seg til 4 dugnadstimar pr.sesong.





DUGNAD

Det trengs litt vedlikehald om det skal verta ein triveleg sommar på Tennisbanen. Sprei bodskapen og møt opp!
Tirsdag 26.juni kl.19-21 


TA I EIT TAK, FOLKENS!

Etter 2 dugnadar med dårleg frammøte ligg me litt etter skjema.
Skal du spela tennis i sommar har du framleis høve til å gjera ein DUGNADSINNSATS!

Me har lagt ny sand på den eine banen. No må banen arbeidast med dersom vi skal få eit fast og jevnt dekke før sesongstart.
Det vil seia at banen må kostast, rullast og vatnast 2 gonger dagleg i ei veke.

(På  www.vossil.no ligg heimesida til Tennisgruppa. ) Her finn du sida for banereservasjon der du kan skrive deg på ei ledig arbeidsøkt. 
Å dra rulla er ganske tungt, så to kan godt dela på ei økt.
 
Slik gjer du det:
Kost banen ved å dra kosten etter deg. Begynn heilt i ytterkantane og gå i sirkel inn mot midten av banen.
Rulla heile banen. Det beste er å dra den att og fram på tvers av banen.
Vatna godt med spreidd stråle. Mykje dersom det er tørt. Mindre dersom det har regna.

Lat kost, rulle og vatnslange stå ute etter bruk.
I DENNE PERIODEN  MÅ INGEN SPELA PÅ BANANE!
Banane er truleg klar for spel kring 1.mai! 


Finn fram dei gamle mobiltelefonane dine!  

Voss Idrottslag er valt ut til å delta i Mobilretur, ein avtale mellom NIF og Telenor. Mobiltelefonane som blir samla inn, går til gjenbruk og vert behandla på ein forsvarleg måte. Sjå www.idrett.no/tema/mobilretur

Voss IL får kr 35,- pr telefon. Dette er kjærkomne inntekter som gruppene skal bruke til gode formål. Innsamlinga går fram til 6. mai. Vi vil varsle kva tid vi kjem på besøk for å hente mobilane, men gå allereie no i roteskuffa og finn fram dei gamle mobilane. 

07.03.12
Jorunn Lødemel 


Årsmøte i Hovudlaget

Årsmøtet er sett til 28. mars kl 1900 på Fleischers Hotel. Saker må vere styret i hende innan 14. mars.
 

Årsmøte i Tennisgruppa

Det er vel ikkje så mange som tenkjer på tennis i desse dagar?
Dei fleste gler seg vel som eg, over skikkeleg vinter og flotte skiforhold!
Men det er tid for oppsummering av 2011, og planlegging av ein ny tennissesong.

Alle medlemer i Tennisgruppa er VELKOMNE TIL ÅRSMØTET,
TORSDAG 1.MARS kl.19 på TRE BRØR

Beate B. Tveit, leiar 


AKTIVITETSDAG - Voss IL 125 år

Barn, unge og vaksne er velkomne til leik, konkurransar og moro: O-løyper for små og store (barnevognvennlege), gymleik, trampett og dans, friidrett, TENNIS, symjing.

Møt på Idrettsplassen kl 1300 og ta med utstyr og kle for uteaktivitetar på idrettsplassen og i o-løyper, for gymleik og dans i Idrettshallen og badetøy for aktivitetar i innebassenget. Barn under 7 år må ha følgje av ein vaksen. Gratis frukt og kaker i kafeen. Trekking av premiar og avslutning ved Idrettshuset kl 1545.

SUPERTILBOD på Voss IL overtrekksdress laurdag 10. sept:
Born frå kr 300 - kr 500
Vaksne frå kr 600 - kr 800
Kontant betaling!
 

Jubileumsfest

Påmelding på:
 



TENNISKURSET

laurdag 25.juni, vert organisert slik:
Dei yngste startar kl.10.30 og held på til kl.12. Betalar kr.150
Vaksen gruppe startar kl.12 og held på til kl.15. Betalar kr.300.

Kurset passar for alle. Siste frist for påmelding, fredag kl.18
Håpar på godt vær og kjekt kurs! 


TENNISKURS 

Etter mykje regn og ein elendig start på tennissesongen håpar me at eit tenniskurs skal bli starten på den verkelege sommaren!

Kurset er for nybyrjarar og vidarekomne
ved tennistrenar frå Paradis Tennis, Bergen.

Tid: Laurdag 25. juni (4 timar) 
Kjem attende til klokkeslett
Stad: Tennisbanane i Prestegardsmoen
Kurspengar: 400,-     

Informasjon og påmelding: Tennisgruppa i Voss IL 
 - tlf. 9092 7512 (Tveit)


OPEN TENNISBANE! 

Det er kjøpt inn nye nett i år. Nettet på bane 1 er på plass, det andre står i Tennisbua om nokon vil ta eit tak. 

Der står også merkemaskinene og kritt. Sett alltid merkemaskinene inn etter bruk.

NB! - Nytt brukernavn/passord ved banebest. 

Brukernavn er: vosstennisbane@gmail.com
Passord: pwd2011voss


KURS

Tennisgruppa planlegg tenniskurs for nybyrjarar og vidarekomne ei helg i månadsskifte mai/juni. 

Det vert instruksjon laurdag og sundag, med trenarar frå Paradis Tennisklubb i Bergen. 

Tidpunkt og pris kjem me tilbake til. Kurset vert annonsert i avisa Hordaland og sjølvsagt på nettsida vår.

Ta kontakt dersom du er interessert!
 

Voss IL 125 år 

Voss IL er 125 år i 2011. I utstilling på Mølstertunet vil vi vise aktivitetar i laget gjennom 125 år med bilete, gjenstandar, kle m.m. 

Har du, eller veit du om nokon som kan ha noko som kan vera av interesse for utstillinga ta kontakt snarast med Brita Tveite brita@vossfolkemuseum.no eller Jorunn Lødemel jorlod@broadpark.no


Tennisgruppa i Voss IL ynskjer nye og gamle medlemer velkomne.

Tennisbanene er ein del av det kommunale idrettsanlegget i Prestegardsmoen.
Det er Tennisgruppa i Voss Idrottslag som disponerer og vedlikeheld banene.

Alle som nyttar tennisbanane må vera medlem i Tennisgruppa i Voss IL.
Som medlem i Tennisgruppa får nøkkel til tennisbanane, spelerett, samt høve til å reservera speletid.

Kontakt Tennisgruppa for medlemskap og nøkkel:
 - Tlf.: Grethe Sjøberg, 5652 1295 eller 4826 6564

AKTUELT
Friidrettsstemne onsdag 9.05
O-løp 2 i Bømoen onsdag 16. mai
Terrengløp 18.04
Friidrettstrening
Årsmøte i hovudlaget 22.03, kl.20
Open dag i Idrettshallen 11.03
Årsmøte i turngruppa
Ledige plassar på turn 2018
Basistrening
Vossameisterskapen i friidrett 7.juni
Resultat friidrett 22.05
Friidrettstemne måndag 22.05
Vossameisterskapen i terrengløp 3.05
Bestilla overtrekksdrakt
Idrett for alle, 15-19år
Betaling av medlemskontingent
Brikke og O-drakt?

SPONSORAR



Voss IL på facebook  
 Voss IL - Grupper
 Alpint  Friidrett  Hestesport  Idrettsskulen  Nordisk  Orientering  Symjing  Tennis  Turn  Randonee

        Rediger